Utskriftsvennlig versjon

Anbod

Anbod

 

Utskriftsvennlig versjon

Rutine for anbodsbehandling i Vik kommune

Forskrift om offentlege anskaffelser § 3-2 seier at det skal førast protokoll over innkjøp på over 100.000. Protokollen skal omtale alle vesentlege tilhøve og viktige vedtak gjennom heile prosessen med innkjøpet. Denne protokollen må arkiverast. Forskrifta seier vidare i § 9-1 at kunngjering av anbod mellom kr. 500.000 og 1.600.000 skal skje i Doffin, og i § 18-1 at kunngjering av anbod over kr. 1.600.000 skal kunngjerast både i Doffin og TED.

Følgjande rutine gjeld for Vik kommune:
  • Anbodsutlysinga vert skriven som utgåande dokument i Acos WebSak, og så sendt til Doffin for utlysing
  • Kopi av kunngeringa leggast inn i Acos WebSak som utgåande dokument
  • Anbod som kjem inn til kommunen skal ikkje opnast før anbodsfristen er ute!
  • Når anbod kjem inn skal konvolutten stemplast med dato og klokkeslett, og signerast av den som tek imot. Dersom anbod kjem på e-post skal dei avvisast (gjeld alle anbod over kr. 500.000. På anbod under 500.000 kan det, om konkurransegrunnlaget opnar for det, leverast tilbod på e-post. I såfall skal tilbodet skrivast ut, så langt det er mogleg, og leggast i lukka konvolutt som blir handsama på same måte.
  • Når fristen er ute får sakshandsamar dei uopna anboda, som blir opna saman med minst eit vitne. Det skal førast protokoll som skal være eit dokument i saka. Saksdokumenta og protokollen skal være unntatt offentlegheit etter Offentleglova § 23 tredje ledd fram til tilbydar er bestemt. Etter tilbydar er bestemt er dokumenta offentlege, med mindre dei inneheld teiepliktige opplysningar i medhald av lov.
  • Etter opning får arkivtenesta dokumenta tilbake for skanning og kontroll av journalførte opplysningar.
  • Når anbodsvinnar er valt skal det sendast ut brev til alle tilbydarne med ei grungjeving på kvifor dei ikkje fekk kontrakt. Brevet skal skrivast i Acos WebSak. Det skal i brevet gis ein klagefrist på minst 10 dagar (gjeld anbod over kr. 500.000).
  • Kontrakt kan tidligast signerast 10 dagar etter at dei tapande tilbydarane har fått skriftleg grunngjeving for valet.
  • Avtale med tilbydar skal registrerast som utgåande dokument i Acos WebSak med avtale som skal returnerast i signert stand. Alle avtalar skal oppbevarast i avtalearkivet. Dersom leverandør har utarbeidd kontrakt med sin signatur, skal denne registrerast som eit inngåande dokument, og etter signatur av kommune, som eit utgåande.
 

Laster...

Created by NXC AS

Laster...