Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Vedtak

Eit offentleg organ skal til ei kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet (jf. arkivforskrifta §2.2).

Arkivplanen dokumenterer arkivorganiseringa i Vik kommune, oppbygginga av arkivet og reglar for korleis dette vert administrert. Arkivplanen vert oppdatert fortløpande, og minst ein gong pr. år. Den oppdaterte arkivplanen vert journalført.

Det daglege arkivansvaret for kommunen si arkivteneste ligg hjå arkivleiar. Det overordna ansvaret for arkivet ligg hjå rådmann.

Arkivplanen for Vik kommune blir godkjent slik han ligg vedlagt, og planen skal gi bindande retningsliner for all handsaming av informasjon og dokumentasjon i Vik kommune.

Vik kommune, 01.05.2016 / vedtaksnr. 092/16 / arkivref. 10/663-29

Oddbjørn Ese 

Rådmann

Rullering av vik.arkivplan.no:

17.11.2017

Laster...